Workshop om helse, kultur og medier

Workshop om helse, kultur og medier

Onsdag 14 januar var ABUP i Kristiansand vertskap for eit arbeidsmøte om «Helse kultur og media». 14 personar frå ABUP, Barns Beste, Regionalt LMS og sjukehuset sin kommunikasjonsstaben  kom saman med 14 samarbeidspartnerar frå kultur, medie- og IKTbransjene, Universitetet, Ansgarskolen Kompetansefondet, Cultiva og redaksjonen i Helsedirektoratet sin nye portal, www.helsenorge.no.

Formålet med workshopen var dels å summere opp alt det som foregår i og rundt helsevesemnet generelt og ABUP spesielt når det gjeld å ta i bruk nye medieverktøy.

Ei spennande tid. 

Fyrsteamanuensis Øystein Sæbø ved UiA, Institutt for informasjonssystemer, starta med ein refleksjon over sider ved kommunikasjonsrevolusjonen som han meinte ville påverke helsevesenet. Han såg føre seg endringar i pasientroller,  aukande interesse for ”wellbeing” og forebygging, 24/7-tenester og meir aktive sosiale nettverk  som nokre viktige utviklingstrendar.

Seniorrådgjevar Elisabeth Giil i redaksjonen for Helsenorge.no peikte på mange av dei same utviklings-trendane då ho heldt si orientering om status og vidare planar for Helsedirektoratet sin portal Helsenorge.no.  Visjonen er å skape eit medium som vert ein veg inn til all kvalitetssikra informasjon om helse, sjukdom og behandling frå helsevenesnet, og til alle verktøy for sjølvhjelp som helsevesenet nyttar eller tilrår. Ho oppmoda alle som interesserer seg for denne visjonen om å fylgje bloggen Helsenorgebeta.net.

Redaksjonen i Helsenorge.no skal publisere og promotere innhald som er laga av andre i helsevesenet. Vi knytter no til oss samabeidspartnerar på ulike felt, sa ho mellom anna.

Abup sitt «mediehus»

Med ABUP-leiar Karl Erik Karlsen i spissen, gjekk så ei lang rekke medarbeidarar gjennom kva som er gjort og kva slags vyer ABUP har innan bruk av digitale  verktøy for behandling, forebygging og folkehelse for barn og unge:

  • Talkshowet ”Nesten Helg”  har no vore arrangert seks gonger årleg i ti år. Det har blitt eit viktig forum for å formidle erfaringsforteljingar, styrke nettverksarbeid og avstigmatisere psykiske plager.
  • ”Snakkeromet” Morild.org har i 11 år utvikla praksis og kunnskap om bruk av sosialt medium i forebyggande arbeid for born av psykisk sjuke og rusavhengige foreldre. Målgruppa vert no utvida, fortalde Rolf Rohde.
  • Abup-bloggen  og Facebookprofilen har vakse kraftig dei siste åra og blitt viktige vegar til å dele refleksjonar og forteljingar både frå fagfolk og brukarar. Dei beste forteljingane vert trykre på papir.  Abup har også twitter og instagram konto og vurderer snapchat.
  • Innan film- og TV  har ABUP utvikla kompetanse innan fem format: Korte forteljingar om brukarerfaringar, undervisningsfilmar, helsedokumentarfilmar, TVprogrammet Helsestudio 1, TVversjonen av talkshowet ”Nesten Helg” og webTV-formatet ”Abup talks” – etter mønster av TED. Dette vart demonstrert av Frode Vestad frå Dokufilm AS.
  • Alle filmprosjekt har htt ein opphavleg bruksplan – men svært ofte hsr dei i tillegg vore nyttige i andre samanherngar. i E-læringsprosjektet Ventelisteskolen  er det tydelegjort korleis ulike innhaldselement kan gjenbrukast gong etter gong.
  • Prosjektet «Angstfilmsnutter» er eit døme på ein ide som har utvikla seg den andre vegen, fortalde Åshild Tellefsen Håland: Erfarne terapeutar har strevd med å formidle konkrete metodar til kolleger – og skal no lage læreverktøy med korte filmar som eitt av fleire innhaldselement.
  • Webredaktør Gunder Christophersen frå Barns Beste gav eit innblikk i problem å skape medierike verktøy og læreprogram innanfor helseregionen sine digitale brannmurar. Han viste læreprogrammet Snakketøyet, som er ganske vellukka innanfor dei rammene som er gitt. Likevel er det langt fram før helsevesenet er der t.d. Gyldendal Forlag er. Musikkvideoen «Roald er redd» om kognitiv terapi vart vist som døme.
  • Musikk er blitt eit nytt område der det hender veldig mykje. Odd Volden fortalde om framveksten av musikkstudioet «Abup Road Studio» og bruken av det, det både i terapeutisk arbeid med henviste  born og unge og i meir allmenn kulturproduksjon med effekt både i behandling, forebygging og folkehelse. Abup har start eige plateselskap, «Abup Road Records«. Fyrste publikasjon – «Den nye guten i gata / Gode høns» – kom i desember 2014.
  • Hege Bjørnestøl Beckmann fortalde kort om forskning om barn unge, psykisk helse og musikk. Hildegunn Schuff utdjupa med ei forteljing om forsking knytta til kulturproduksjonen «Fargespill» i samarbeid med Kilden Dialog.

Samtalen

Diskusjonen etterpå spegla at workshop’en hadde samla ei svært brei deltakarliste.  Utanom ABUP og Sørlandet sykehus var der deltakerar frå IKT-, film-, TV- og musikkbransjene, universitet og høgskolemiljøet og frå dei regionale innovasjonsaktørane Sørlandets Kompetansefond og Cultiva.

Arrangørane hadde peika ut spørsmålet «kva ynskjer vi av kvarandre?» som det sentrale spørsmålet. Umiddelbart etterpå summerte workshope-komiteen svara på dette slik:

  • Abup  ynksjer eit større «publikum» – utviklingsarbeidet er kome så langt og har så lovande perspektiv at det har «vakse ut over eigne fylkesgrenser». Det trengs også eit større nedslagsfelt for å kunne argumentere for betre finansiering av nye verktøy og ny metodikk.
  • Helsenorge.no ynskjer faglege og kreative samarbeidspartnerar på fleire felt – mellom anna barn og unge si psykiske helse. Ikkje minst trengs det samarbeid med miljø som utviklar verktøy for handling – ikkje berre «lesing».
  • Film-, musikk- og IKTprodusentane ynskjer oppdrag.
  • Forskarane ynskjer høg aktivitet innan utprøving av nye metodar, verktøy og arbeidsformer for å kunne forske på kvalitetet og effekt.
  • Dei regionale innovasjonsaktørane ynskjer gode utviklingsprosjekt der kompetanse og verksemder i regionen kan utvikle nasjonal og helst også internasjon spisskompetanse.

Kva no?

Dette må fylgjast opp. Det blir spennande å sjå kva for initiativ dei ulike deltakerane vil ta i vekene framover. ABUP vil for sin del fylgje opp ganske snart. I begeistringa rett etter workshopen tenkjer me slik:

  • Etter ein runde «på huset» for å drøfte og konkretisere kva slags rolle me kan  ynskje oss i den vidare utviklinga av Helsenorge.no, vil vi spele inn eit forslag til redaksjonen.
  • Så vil vi halde fram drøftingane med samarbeidspartnerar og innovasjonsaktørar for å drøfte og konkretisere utviklingsplanar for den regionale kompetanseklynga innan kultur, medier og psykisk helse for barn og unge.
  • Eit viktig spørsmål i drøftingane vil vere om det trengs å organisere eit interessepolitisk arbeid for fellesinteressene til helsevesenet, kultur/IKT/medieprodusentane og kunnskaps/forskingsinstitusjonane – ikkje minst i spørsmålet om framtidig og langsiktig finansiering.

Bjørn Enes – frilansar i Abup-redaksjonen

Relaterte innlegg
Legg igjen en kommentar